Laila Dåvøy (KrF) og Prof. Ola Saugstad kritiserer kunnskapsinnhenting om ME (Klassekampen 14.04.11)

Posted on 14/04/2011

11


– Gir ikkje meining

Av Magnhild Folkvord

Kunnskap: Håplaust, meiner professor Ola Didrik Saugstad om mandatet for kunnskapsinnhenting om kronisk utmattingssyndrom. – Altfor einsidig, seier KrF-politikar Laila Dåvøy om mandatet.

Laila Dåvøy (KrF) er den stortingspolitikaren som har engasjert seg mest i situasjonen for dei ME-sjuke, og ho blir stadig kontakt av fortvila pasientar som ikkje får det dei hadde håp om frå helsevesenet.

Etterlyser XMRV-forsking

No reagerer ho på mandatet for den kunnskapsinnhentinga om ME, eller kronisk utmattingssyndrom, som Helsedepartementet har bede om.

Slik det står å lesa på heimesida til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten, ser kunnskapsinnhentinga ut til å vera svært mykje prega av den delen av fagmiljøet som baserer seg på at ME i hovudsak er ei psykosomatisk liding.

– Kvifor nemner dei ikkje den forskinga som er gjort på XMRV-viruset? Dei burde gå til det amerikanske instituttet som fann samanheng mellom dette viruset og ME, og som driv forsking på det, seier Dåvøy.
Ho minner om at den amerikanske forskaren som har gått i spissen for forsking på XMRV, Judi Minkovic, var i Noreg så seint som i november 2010.

Både i Noreg og USA

– Slik forsking går også føre seg ved Lillestrømklinikken, men dette er ikkje nemnd i mandatet for kunnskapsinnhentinga, seier Dåvøy til Klassekampen.

– Ingen seier at forsking på XMRV er redninga for alle, men det er viktig å få med seg det nyaste som skjer på dette feltet. Eg kjenner pasientar som har hatt stor nytte av behandling der ein tar utgangspunkt i infeksjonar, legg  KrF-politikaren til.

Den kunnskapsinnhenting som no skal gå føre seg, er eit oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet:  Eit oppdatert kunnskapsoversyn om diagnostisering, rehabilitering, pleie- og omsorg av pasientar som har kronisk utmattingssyndrom
(CFS/ME). Via Helsedirektoratet er oppdraget gitt til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten.

– Skaper forvirring

Også Ola Didrik Saugstad, professor i medisin, reagerer på utforminga av mandatet.

– Her kan det sjå ut til at ein legg opp til ein bestemt konklusjon, seier Saugstad til Klassekampen.
Av mandatet går det fram at

det skal leggjast vekt på «randomiserte kontrollerte studier», det vil seia at ein samanliknar grupper som får ulik behandling.

– Ved berre å sjå på slike studiar ser ein nærmast heilt bort frå den biomedisinske forskinga, inkludert XMRVforskinga, innan feltet. Det verkar på meg som om psykosomatikarane gjer det dei kan for å skapa forvirring om ME, også med tanke på resultat av XMRV-forsking som kjem etter kvart, seier professoren.

Uklart om diagnosar

Lillebeth Larun er leiar for den arbeidsgruppa i Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten som skal gjennomføra kunnskapsinnhentinga om kronisk utmattingssyndrom.

Ho forklarer at oppdraget er å samla kunnskap om behandling av ME, og å samanstilla dei ulike diagnosekriteria som blir brukt.

Saugstad meiner dette gir eit håplaust utgangspunkt for å samla inn kunnskap ein kan ha nytte av.

– Det gir ikkje meining å sjå på behandling dersom ein ikkje har klare diagnosekriterium. Det verkar som om nokon ønskjer å forvirra. Det er heilt innlysande i all anna forsking at ein må ha felles diagnosekriterium, korleis skal ein elles vita om ulike behandlingsresultat gjeld pasientar med same sjukdom, spør professoren.

– Diagnosen avgjerande

Saugstad minner om at blant fagfolk som interesserer seg for ME, er det somme som meiner det er ei i hovudsak psykosomatisk liding, andre som legg hovudvekta på at det er ein kroppsleg sjukdom.

– Dei som finn effekt av kognitiv atferdsterapi, er dei som bruker kriteria for ME som ei psykosomatisk liding. Men tar ein utgangspunkt i dei såkalla Canada-kriteria, som byggjer på fysiske verknader av sjukdommen, er det ingenting som tyder på at den kognitive atferdsterapien er til nytte, seier professoren.

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨

 

 

 

Advertisements