Helsedirektoratet ikke fornøyd med Kunnskapssenterets mandat (Klassekampen 14.04.11)

Posted on 14/04/2011

7


Hentet fra Klassekampen i dag 14.04.11. Se også forrige innlegg.

Helsedirektoratet ikkje nøgd

Frå Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten, som skal stå for kunnskapsinnhentinga om ME, får vi høyra at mandatet er resultatet av ein dialog med oppdragsgivaren.

Hans-Petter Aarseth, prosjektleiar i Helsedirektoratet, seier til Klassekampen at han ikkje er nøgd med den utforminga mandatet har fått, bestillinga frå Helsedirektoratet såg noko annleis ut.

– Vi har starta ein prosess for å undersøkja kva som har skjedd. Det er viktig at vi så langt som råd er, prøver å få fram kunnskapsgrunnlaget på dei områda der det er stor merksemd. Grunnen til at mandatet i utgangspunktet vart  innskrenka, er at det var kort tid til oppdraget. Det er to måtar å løysa dette på, anten å utvida tida eller å laga eit tilleggsoppdrag. Status no er at oppdraget er blitt avgrensa, slik at dei ikkje vil sjå på kvalitative studiar, og ikkje på  virusproblematikken.

Vi må vurdera om det skal bli eit tilleggsoppdrag, seier Aarseth til Klassekampen. – Kor nyttig er det å samla kunnskap om behandling, om ein ikkje også ser på årsaker og får avklart diagnosekriteria?

– Det er også ei viktig problemstilling. Vi må få fram det som er mest mogeleg relevant, og gir det beste kunnskapsgrunnlaget. Vi veit også at det er ulik bruk av diagnosekodar på norske sjukehus for det vi trur er same sjukdom. Her er det ein ryddejobb å gjera, seier Aarseth. Ein Sintef-rapport som kom i mars viste at det er stor uvisse blant legar om korleis MEdiagnose skal stillast.

Advertisements