Opnar sjukehusplassar for ME-pasientar (Klassekampen 04.03.11)

Posted on 04/03/2011

2


Opnar sjukehusplassar for ME-pasientar

PLANAR: To døgnplassar for dei sjukaste ME-pasientane skal opnast over påske. Planen var ti.

AV MAGNHILD FOLKVORD

Klassekampen omtalte 1. mars ein Sintef-rapport som gir eit dystert bilete av tilbodet til dei sjukaste ME-pasientane.

Barbara Baumgarten-Austrheim, seksjonsleiar for CFS/ME-senteret, meiner det er viktig å sjå at det er ein prosess i gang for å betra situasjonen. To spesialbygde sengeplassar med lys- og lydskjerming til ME-sjuke skal vera i drift på Oslo universitetssykehus, Aker over påske, og CFS/ME-senteret blir flytta frå Ullevål til Aker.

– Eg er meir optimist no enn før, det ser ut til å vera eit engasjement for å få til ei felles forståing av sjukdommen og diagnostiseringa, seier Baumgarten-Austrheim til Klassekampen.

– Kva ville vera viktigast om ein skulle få ei raskare betring av tilbodet?

– Betre bemanning på CFS/ME-senteret, og kunne vi fått ti sengeplassar for dei sjukaste, som opprinneleg planlagt, ville det vore til god hjelp, seier seksjonsleiaren. Eit anna ønske er meir undervisning om ME i medisinstudiet.

– Er fastlegane nok interesserte?

– Dei som har ME-pasientar, blir interesserte. Mange forstår etter kvart at dette ikkje kan bortforklarast med psykiske forhold, seier ho.

Nasjonal satsing

Divisjonsdirektør Cecilie Daae i Helsedirektoratet opplyser at direktoratet har klare oppdrag med å sikra ei nasjonal satsing som kan gi tilbod til pasientane.

– Å skapa endring av klinisk praksis og tenking tar tid. Vi treng eit godt samarbeid med fagmiljøa ute. Det er stort sprik mellom faglege innfallsvinklar, og vil ta lengre tid å oppnå konsensus på dette enn på andre område. Eg har forståing for at både pasientar og pårørande kan bli utolmodige, men meiner vi skal lykkast, seier Daae til Klassekampen.

– Kven har ansvaret for at meir enn halvparten av fastlegane ikkje kan stilla ein ME-diagnose?

– Helsedirektoratet har eit klart ansvar for å bidra til retningsliner og informasjonsmateriell, både i forhold til spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta og fastlegane, seier divisjonsdirektøren.

Ho meiner utprøvinga som er gjort ved Ullevål sykehus, tyder på at ambulante team som kan møta dei sjukaste pasientane heime, kan vera ein god modell vidare også for andre helseregionar, sjølv om rapporten viser at det ikkje er heilt enkelt å etablera eit sånt tilbod.

Helsedirektoratet har nyleg oppretta eit fagråd med representantar frå begge brukarorganisasjonane, dei regionale helseføretaka og kommunar som har gode tilbod til pasientgruppa. Vidare har Helsedirektoratet gitt Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten i oppdrag å oppsummera det som no finst av ny kunnskap som er relevant for denne pasientgruppa.

Reklamer
Posted in: ME i media